Salmane 110 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Av David. Ein salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

som skammel for dine føter!»

2 Folket ditt møter villig fram

den dagen du viser di kraft.

Din ungdoms dogg kjem til deg

i heilag prakt, or morgonròdens fang.

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»

5 2,5.9 Herren er ved di høgre hand,

han knuser kongar på sin vreidedag.

6 45,4ff+ Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik,

han knuser hovud vidt over jord.

7Han drikk av bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help