1 Sidan tok Herren ut syttito andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til.
2Læk dei sjuke der og sei: ‘Guds rike er kome nær til dykk!’
10Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje tek imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia:
11‘Til og med støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha for dykk sjølve, vi børstar det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!’
12Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske.
14Men i dommen skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.
15Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.
19Jesus tok dette opp og sa:
«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.
31Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi.
32Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi.
33Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han.
34Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han.
35Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
36Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?»
37«Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»
Jesus hos Marta og Maria38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han °i heimen sin.•
39Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.
40Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»
41Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.
42Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.