Jesaja 19 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Egypt

1 Ja, dårar er fyrstane i Soan,

vismennene til farao gjev dumme råd.

Korleis kan de seia til farao:

«Eg er son til vismenn,

son til kongar frå fortida?»

12Kvar er no vismennene dine?

Lat dei kunngjera og fortelja deg

kva plan Herren over hærskarane

har lagt for egyptarane.

13 Fyrstane i Soan er dårar,

fyrstane i Nof har vorte narra.

Stammehovdingane har ført Egypt vill.

14 Den dagen skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans språk og sver truskap til Herren over hærskarane. Ein av dei skal heita Ir-Haheres.

19 1 Mos 28,18.22 Den dagen skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte for Herren ved grensa.

20Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren over hærskarane i Egypt. Når dei ropar til Herren og klagar over undertrykkjarane, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann, og han skal fria dei ut.

214 Mos 30,3ff; 5 Mos 23,22ff; Sal 51,19.21; 68,32Då skal Herren gje seg til kjenne for egyptarane, på den dagen skal egyptarane læra han å kjenna. Dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje lovnader til han og halda dei.

22Herren skal slå egyptarane, slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han vil høyra bønene deira og lækja dei.

23Den dagen skal det vera ein hovudveg frå Egypt til Assur. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assur, og Egypt skal tilbe saman med Assur.

24Den dagen skal Israel, den tredje saman med Egypt og Assur, vera ei velsigning for heile jorda.

25Herren over hærskarane skal velsigna dei og seia:

Velsigna er Egypt, mitt folk,

Assur, eit verk av mi hand,

og Israel, min eigedom!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help