Forkynnaren 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Lat ikkje munnen få deg til å synda,

og sei ikkje til Guds sendebod:

«Eg gjorde det av vanvare.»

Kvifor vil du gjera Gud harm med orda dine,

så han øydelegg det du har gjort?

6Midt i alle draumar, alt som er fåfengt, og alle ord:

Ha ærefrykt for Gud!

Urett og rikdom

7 Ser du at fattigfolk blir undertrykte,

at rett og rettferd blir krenkte i din provins,

så undra deg ikkje over det!

For den eine mektige vernar den andre,

og over dei begge står andre med makt.

8Framfor alt er jord ein god ting,

ein konge må sørgja for at jorda blir dyrka.

9 4,8 Den som er glad i pengar,

blir aldri mett på pengar.

Den som elskar rikdom,

får aldri vinning nok.

Dette òg er fåfengt.

10Dess større eigedom,

dess fleire som skal leva av han.

Kva gagn har eigaren av det,

anna enn at han får meir å sjå på?

11Ein slave kan sova godt

anten han har lite eller mykje å eta.

Alt det den rike eig,

tek natteroa frå han.

12Noko beiskt og vondt

har eg sett under sola:

Oppspart rikdom

kan bli til ulukke for eigaren.

13Rikdomen kan gå tapt i uheldig handel,

og når han får ein son,

står han der med tomme hender.

14 Job 1,21; Sal 49,18; 1 Tim 6,7 For slik som han kom frå mors liv,

slik skal han venda attende,

like naken som han kom.

Ingen ting har han att for sitt arbeid,

ingen ting kan han ta med når han fer.

15Det òg er beiskt og vondt:

Slik som han kom, lyt han gå.

Kva har han då att?

Han har arbeidd for vind.

16Alle sine dagar må han eta i mørker,

sorgfull, sjuk og sint.

17 2,24+ Høyr kva eg har funne:

Det er rett og godt

å eta og drikka og nyta det gode

midt i alt arbeid og strev under sola,

den korte tida Gud lèt mennesket leva.

Det er den delen som mennesket har fått.

18Når Gud lèt eit menneske få rikdom og gods

og gjev han lov til å nyta det,

så han kan ta imot sin del

og gleda seg over det han eig,

då er det ei gåve frå Gud.

19Då tenkjer han ikkje på dagane som går,

for Gud gjev han glede i hjartet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help