1. Mosebok 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Så var himmelen og jorda fullførte, med heile sin hær.

2Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort.

3Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte.

Mennesket i Edens hage

4 Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid Herren Gud hadde laga jorda og himmelen.

5Det fanst ikkje ein busk på jorda, og endå hadde inga plante spirt fram på marka. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ingen menneske til å dyrka henne.

6Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata.

7Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.

8 Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma.

9Den første heiter Pisjon. Det er den som går rundt heile landet Havila, der det finst gull.

12Gullet i det landet er godt. Det finst bedolah-kvae og onyks-stein der.

13Den andre elva heiter Gihon. Det er den som går rundt heile landet Kusj.

14Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.

15Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han.

16Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: «Du må gjerne eta av alle trea i hagen.

17Då sa mannen:

«No er det bein av mine bein

og kjøt av mitt kjøt.

Ho skal kallast kvinne,

for av mannen er ho teken.»

24 Matt 19,5; Ef 5,31 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.

25 3,7 Begge var nakne, både mannen og kvinna, og dei skamma seg ikkje for kvarandre.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help