2. Mosebok 6 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Eg synte meg for Abraham, for Isak og for Jakob som Gud, Den veldige, men under namnet mitt Herren var eg ikkje kjend for dei.

4Og eg vil føra dykk til det landet som eg med lyft hand lova Abraham, Isak og Jakob. Eg vil gje dykk det til eige. Eg er Herren

9Slik tala Moses til israelittane. Men dei høyrde ikkje på Moses, for dei var motlause på grunn av det harde arbeidet.

10Då sa Herren til Moses:

11«Gå og sei til farao, kongen i Egypt, at han skal la israelittane få dra ut frå landet.»

12Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, israelittane høyrer ikkje på meg. Kvifor skulle då farao høyra på meg, eg som har uomskorne lepper?»

13Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, kongen i Egypt, med bod om at Israels folk skulle førast ut frå Egypt.

Forfedrane til Moses og Aron

14 Amram tok Jokebed, tanta si, til kone. Ho fødde han Aron og Moses. Amram vart 137 år gammal.

214 Mos 16,1Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri.

223 Mos 10,4ffSønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri.

23 4 Mos 3,1ff Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Nahsjon. Ho fødde han Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

24Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er slektene til Korah.

25Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Ho fødde han Pinhas. Dette er leiarane for familiane til levittane, slekt for slekt.

26Det var til Aron og Moses Herren sa: «Før israelittane ut frå Egypt, flokk for flokk!»

27Det var dei som tala til farao, kongen i Egypt, om at israelittane skulle førast ut frå Egypt; det var Moses og Aron.

Herren skal gjera teikn og under

28På den dagen tala Herren til Moses i Egypt.

29Han sa: «Eg er Herren. Sei til farao, kongen i Egypt, alt det eg seier deg!»

304,10+Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, eg har uomskorne lepper. Kvifor skulle farao høyra på meg?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help