Esekiel 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jerusalems truløyse og straff

1 Herrens ord kom til meg:

2Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida di var komen, tida til å elska. Då breidde eg fliken av kappa mi over deg og skjulte den nakne kroppen din. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, seier Herren Gud.

9Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje.

10Men du var trygg på din venleik, du dreiv hor på ditt rykte. Du baud deg fram som hore til kvar og ein som kom forbi, og han fekk deg.

16Du tok nokre av kleda dine for å gjera offerhaugane fargerike. Der dreiv du hor, slik det aldri må henda.

17sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg når du lét dei gå gjennom elden?

22Sjå, alle som bruker ordtak, skal bruka dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.»

45Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var hetitt og far dykkar amoritt.

46Di storesyster er Samaria, som bur med døtrene sine til venstre for deg. Og di veslesyster er Sodoma, som bur med døtrene sine til høgre for deg.

4723,11Ikkje berre gjekk du på deira vegar og gjorde dei same avskyelege tinga, men etter ei kort tid handla du på alle vis verre enn dei.

48Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde slett ikkje som du og døtrene dine.

491 Mos 13,10.13; 18,20; 5 Mos 8,12ff; Luk 17,28Sjå, dette er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i: hovmod. Ho og døtrene hadde nok av mat og levde i fred og ro. Men ho hjelpte ikkje dei hjelpelause og fattige.

50Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.

51 Jer 3,11 Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du.

52Så må du òg ta vanæra på deg, du som med dine eigne synder har tala saka til systrene dine. Fordi du har handla meir avskyeleg enn dei, er dei meir rettferdige enn du. Så skam deg då og ber di vanære, du som har vist at systrene dine er meir rettferdige.

53 5 Mos 30,3; Jer 29,14+ Eg vender lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vender eg lagnaden for deg.

54Slik skal du bera di vanære og skamma deg over alt du har gjort, til trøyst for dei.

55Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal få det som før, Samaria og døtrene hennar skal få det som før, og du og døtrene dine skal få det som før.

56Sette ikkje du ut dårleg rykte om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig?

57Det var før vondskapen din vart synleg. På den tida var du til spott for arameardøtrene og alle der omkring, for filistardøtrene som hånte deg på alle kantar.

58Di skamløyse og alt det avskyelege hos deg må du bera sjølv, seier Herren.

59For så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde forbanninga og braut pakta.

60Jer 31,31–34; Hos 2,15.19Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil oppretta ei evig pakt med deg.

6120,43; 36,31fDu skal minnast kva du har gjort, og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er eldre enn du, og dei som er yngre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg.

62Når eg opprettar mi pakt med deg, då skal du kjenna at eg er Herren.

63Så skal du minnast det og skamma deg, på grunn av skamma skal du aldri meir opna munnen, når eg tilgjev deg alt du har gjort, seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help