Apostelgjerningane 14 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

I Ikonium

1Også i Ikonium gjekk dei inn i den jødiske synagogen, og dei tala slik at ei stor mengd kom til tru, både jødar og grekarar.

2Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne.

3Og dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, sidan det var han som førte ordet.

13Presten i Zevs-tempelet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket.

14Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang ut til folkemengda

15Apg 4,24+; 10,26; 1 Tess 1,9og ropa: «Kva er det de gjer? Vi er då vanlege menneske, akkurat som de! Vi forkynner dykk evangeliet, at de må venda om frå desse maktlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som er i dei.

1617,30I tidlegare tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar.

17Sal 104,27f; Jer 5,24; Apg 17,26fOg likevel lét han dei ikkje vera utan vitnemål om seg, for han gjorde velgjerningar. Frå himmelen sende han regn og gav grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarta dykkar med glede.»

18Med desse orda greidde dei så vidt det var å hindra at folket ofra til dei.

19 2 Kor 11,25; 2 Tim 3,11 Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket med seg, og dei steina Paulus. Dei drog han utanfor byen, for dei trudde han var død.

20Men då læresveinane slo ring om han, reiste han seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter drog han ut til Derbe saman med Barnabas.

Tilbake til Antiokia i Syria

21Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei tilbake til Lystra og Ikonium og derifrå til Antiokia.

22Matt 10,38+; Apg 13,43; 1 Tess 3,3; 2 Tim 3,12Dei styrkte læresveinane og formana dei til å halda fast ved trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.»

2313,3; Tit 1,5I kvar forsamling valde dei ut eldste og gav dei med bøn og faste over til Herren, han som dei var komne til tru på.

24Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia.

25Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia.

2613,1fDerifrå segla dei til Antiokia, den staden der dei hadde vorte overgjevne til Guds nåde for å gjera det verket dei no hadde fullført.

2715,4.12; 1 Kor 16,9+Då dei kom dit, kalla dei saman forsamlinga og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane.

28Her vart dei verande ei god stund hos læresveinane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help