1 Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.
2Når det gjeld dei unge jentene, har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera truverdig.
26Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med kjærasten sin på sømeleg vis fordi han er i si fulle kraft, då skal han gjera som han vil, når så må vera: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.
37Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og i sitt hjarte har teke den avgjerda å la jenta bli verande jomfru, han gjer vel i det.
38Så gjer den rett som gifter seg med kjærasten sin, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.
39 Rom 7,2f Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det blir gjort i Herren.
40Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg meiner at eg òg har Guds Ande.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.