Dommarane 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kongedømet til Abimelek

1 Alle menn med makt i Sikem og alle som var i Bet-Millo, samla seg. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, ved steinstøtte-eika i Sikem.

7Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Han ropa høgt:

Høyr på meg, de menn i Sikem,

så skal Gud høyra på dykk!

8Ein gong gjekk trea

for å salva ein konge.

Dei sa til oliventreet:

«Du skal vera konge over oss!»

9Men oliventreet svara:

«Skulle eg gje avkall på oljen min

som gudar og menneske blir æra med,

og gje meg til å svaia over dei andre trea?»

10Då sa trea til fikentreet:

«Kom du og ver konge over oss!»

11Fikentreet svara:

«Skulle eg gje avkall på mi søte, gode frukt

og gje meg til å svaia over dei andre trea?»

12Så sa dei til vintreet:

«Kom du og ver konge over oss!»

13 Då sa alle trea til klungeren:

«Kom du og ver konge over oss!»

15Klungeren svara:

«Er det verkeleg slik

at de vil salva meg til konge,

så kom og søk ly i skuggen min!

Elles fer det eld ut frå klungeren,

og han skal øyda sedrane på Libanon.»

16Har de fare ærleg og trufast fram når de no har gjort Abimelek til konge? Gjorde de vel mot Jerubbaal og ætta hans og lét han få som han fortente?

17Gaal, son til Ebed, kom til Sikem saman med brørne sine, og mennene i Sikem fekk tillit til han.

27Dei gjekk ut og hausta vinmarkene sine og pressa druene. Så heldt dei fest. Dei gjekk inn i tempelet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.

28Men Gaal heldt fram: «Jau, det kjem folk ned frå verdsens navle, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»

38Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Var det ikkje du som sa: Kven er Abimelek, at vi skulle tena han? Sjå, her kjem desse folka du vørde så lite. Dra no ut og kjemp mot dei!»

39Då drog Gaal ut i spissen for mennene i Sikem og kjempa mot Abimelek.

40Men Abimelek sette etter han og dreiv han på flukt. Mange fall; det låg drepne heilt bort til byporten.

41Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Gaal og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem.

42Dagen etter skulle Sikem-folket ut på marka. Då Abimelek fekk vita det,

43delte han hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute i ope lende. Då han såg at folka kom ut av byen, sette han på dei og slo dei.

44Abimelek og flokken som følgde han, sprang og stilte seg ved inngangen til byporten, medan dei to andre flokkane tok på alle som var ute på marka, og hogg dei ned.

45Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over hovuda deira. Den forbanninga som Jotam, son til Jerubbaal, hadde lyst, kom over dei.

Blog
About Us
Message
Site Map