Jakob 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Helsing

1 Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, sender si helsing til dei tolv stammane som er spreidde omkring i framande land.

Prøving og freisting

2 Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar;

3for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.

4All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.

18Av sin eigen vilje har han fødd oss ved det sanne ordet, så vi skal vera ei førstegrøde av hans skapningar.

Høyra og gjera

19 Ordt 29,20; Fork 7,9 Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint.

20For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud.

21Luk 8,15; Kol 3,8; 1 Pet 2,1Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

22Matt 7,21ff; Rom 2,13+; 1 Joh 3,18De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve.

23For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel:

24Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.

25Joh 13,17; Rom 8,2; Gal 5,13; Jak 2,12Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.

26 Sal 34,14; 39,2; 141,3; Jak 3,2 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og gudsdyrkinga hans er utan verdi.

27Jes 58,6f; Matt 25,35ffEi rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help