1 Noko av okseblodet skal du ta og stryka på altarhorna med fingeren. Resten av blodet skal du hella ut ved foten av altaret.
13Så skal du ta alt feittet som dekkjer innvolane og leverlappen, og begge nyrene med feittet som er på dei, og la det gå opp i røyk på altaret.
14Lat heile vêren gå opp i røyk på altaret. Det er eit brennoffer for Herren, eit gåveoffer til godange for Herren.
19Deretter skal du ta den andre vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren.
20Du skal slakta vêren og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyreflipp, høgre tommelfinger og høgre stortå. Resten av blodet skal du stenka rundt om på altaret.
21Ta så noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvett det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Då blir både han og kleda heilage, like eins sønene og kleda deira.
22Så skal du ta feittet på vêren, det feitaste av halen, feittet rundt innvolane, leverlappen, begge nyrene med feittet som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsvêr.
23Frå korga med usyra brød som står for Herrens andlet, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og eit flatt brød.
24Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det som eit svingeoffer framfor Herrens andlet.
25Ta det så frå hendene deira og lat det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet, til godange for Herren. Det er eit gåveoffer for Herren.
26Så skal du ta brystet av vigslingsvêren til Aron og svinga det for Herrens andlet. Det skal vera din del.
27Saman med det første lammet skal du ofra ein tiandedels efa fint mjøl, blanda med ein fjerdedels hin pressa olje, og som drikkoffer ein fjerdedels hin vin.
41Det andre lammet skal du ofra i skumringa. Saman med det skal du bera fram grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.
4225,22+I alle slekter skal dette vera eit dagleg brennoffer for Herrens andlet ved inngangen til teltheilagdomen. Der vil eg møta dykk, og der vil eg tala til deg.
4340,34Der vil eg møta israelittane, og staden skal bli helga av min herlegdom.
44Både teltheilagdomen og altaret vil eg helga, og Aron og sønene hans vil eg helga til prestar for meg.
453 Mos 26,11f; 2 Kor 6,16Så vil eg bu midt iblant israelittane og vera deira Gud.
4620,2; 3 Mos 11,45; 22,32fDei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut frå Egypt for å bu midt iblant dei. Eg er Herren deira Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.