Jesaja 21 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Babel fell

1 Bodskap om ørkenen ved havet.

Som stormen fer gjennom Negev,

slik kjem det frå ørkenen,

frå landet der redsle rår.

2Eit hardt syn har eg fått sjå:

Svikarar svik, hærmenn herjar.

«Fram, du Elam! Til åtak, du Media!

Kvart sukk gjer eg ende på.»

3 Bodskap om Duma.

Nokon ropar til meg frå Se'ir:

«Vektar, kor langt på natt,

vektar, kor langt på natt?»

12Vektaren svarar:

«Det kjem ein morgon, men òg ei natt.

Vil de spørja, så spør!

Kom att ein annan gong!»

Øydemarka

13 Jer 49,28ff; Esek 27,15.20 Bodskap om øydemarka.

De skal overnatta i krattet i øydemarka,

karavanar frå Dedan!

14Møt dei tørste og gjev dei vatn,

de som bur i Tema!

Gå med brød til flyktningane!

15For dei har flykta for sverd,

for dregne sverd og spente bogar

og krigens tyngd.

16 16,14 For så har Herren sagt til meg: Om eitt år, slik leigefolk reknar året, skal det vera slutt på all herlegdomen i Kedar.

17Det blir ikkje mange att av bogane til Kedar-heltane. For Herren, Israels Gud, har tala.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help