1 Satan stod opp mot Israel og lokka David til å halda folketeljing i landet.
2Då sa David til Joab og hærførarane for folket: «Gå av stad og tel israelittane frå Beer-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.»
3Joab svara: «Må Herren gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Alle er dei dine tenarar, herre konge. Kvifor krev då min herre dette? Kvifor skal det koma skuld over Israel?»
4Men kongen heldt fast på sitt ord til Joab.
Då gjekk Joab ut, og han fór omkring i heile Israel og vende så attende til Jerusalem.
5Joab la fram for David det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det 1 100 000 våpenføre menn, og i Juda 470 000 våpenføre menn.
6Men levittane og benjaminittane hadde han ikkje teke med i teljinga; for Joab syntest det var eit avskyeleg påbod kongen hadde gjeve.
7 Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han var i ferd med å gjera det, såg Herren det, og han angra det vonde. Han sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.
16Då David såg opp, fekk han auge på Herrens engel som stod mellom himmel og jord med eit lyft sverd i handa. Det var retta mot Jerusalem. Då kasta David og dei eldste seg til jorda, kledde i sekkestrie.
17Og David sa til Gud: «Det var eg som sa at folket skulle teljast! Eg er den som har synda og gjort vondt. Men desse, som eg er gjetar for, kva har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di ramma meg og huset til far min, men spar folket ditt for landeplaga!»
18 David gav Ornan 600 sjekel gull etter vekt for staden.
263 Mos 9,24+Der bygde David eit altar for Herren og bar fram brennoffer og fredsoffer. Han ropa til Herren, og han svara med eld frå himmelen over brennofferaltaret.
27Herren tala til engelen, og han stakk sverdet i slira att.
28På den tida, då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen til jebusitten Ornan, ofra han der.
29Herrens bustad, som Moses hadde fått laga i ørkenen, og brennofferaltaret stod den gongen på offerhaugen i Gibeon.
30Men David kunne ikkje gå dit og søkja råd hos Gud, for han frykta sverdet til Herrens engel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.