1Då Isak hadde vorte gammal og auga hans var for matte til å kunna sjå, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Son min!» Han svara: «Ja, her er eg.»
2Så sa han: «Sjå, eg har vorte gammal og veit ikkje når eg kjem til å døy.
3Ta no jaktutstyret ditt, pilkoggeret og bogen. Gå ut i marka og skyt noko vilt til meg!
4Lag nokre velsmakande retter, noko eg likar godt! Kom hit med dei og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»
5Rebekka lytta medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt som han kunne ta med seg heim.
6Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau, bror din og sa:
7Hent noko vilt til meg og lag nokre velsmakande retter så eg kan eta! Så vil eg velsigna deg for Herrens andlet før eg døyr.
8Høyr no på meg, son min, og gjer som eg seier!
9Gå bort til småfeet og hent to fine kje, så skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt.
10Dei skal du bera inn til far din så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»
11 Då sa Esau: «Er det difor han heiter Jakob? No har han lurt meg to gonger. Han tok førstefødselsretten min, og no har han teke velsigninga mi òg.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»
37Isak svara Esau: «No har eg sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til tenarar for han. Eg har sytt for korn og ny vin til han. Kva kan eg då gjera for deg, son min?»
38«Far, har du berre éi velsigning?» sa Esau. «Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.
39Då sa Isak til han:
«Sjå, langt borte frå fruktbar jord skal du bu,
der inga dogg fell frå himmelen.
40 2 Kong 8,20.22 Av sverd skal du leva,
og bror din skal du tena.
Men når du riv deg laus,
skal du kasta åket hans av nakken.»
41Esau la Jakob for hat på grunn av velsigninga som far hans hadde gjeve han. Og Esau sa i hjartet sitt: «Snart kjem dagane då vi skal sørgja over far min. Då skal eg drepa Jakob, bror min.»
42Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.
43Høyr no på meg, son min! Røm straks til Laban, bror min, i Harran!
44Ver hos han nokre dagar til harmen har gått av bror din,
452 Sam 14,1fftil vreiden hans har vendt seg frå deg og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg derifrå. Kvifor skulle eg mista dykk begge på ein og same dagen?»
Isak sender Jakob til Laban46 26,34f Rebekka sa til Isak: «Desse hetittkvinnene tek livet av meg. Dersom Jakob tek seg ei slik hetittkvinne til kone, ei kvinne frå dette landet, kva skal eg då leva for?»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.