Johannes' openberring 18 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Babylons fall

1Etter alt dette såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst i glansen frå han.

2Han ropa med høg røyst:

«Fallen, fallen er Babylon den store!

Ho har vorte ein bustad for vonde ånder,

ein gøymestad for alle ureine ånder,

ein gøymestad for alle ureine fuglar,

ein gøymestad for alle ureine og avskyelege dyr.

3 Og dei kasta støv på hovudet, og gråtande og sørgjande ropa dei:

«Ve, ve over den store byen,

der alle som har skip på havet,

har vorte rike av hennar overflod!

På ein einaste time vart ho lagd øyde.»

20 Jes 44,23; Jer 51,48 Gled dykk over hennar fall, du himmel

og de heilage, de apostlar og profetar!

For Gud har dømt henne og gjeve dykk oppreising.

21 Jer 51,63f Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa:

«Slik skal Babylon, den store byen,

bli kasta ned med veldig kraft

og aldri meir finnast.

22 Jes 24,8; Esek 26,13 I deg skal det aldri meir høyrast

lyd av harpespelarar og songarar,

fløytespelarar og basunblåsarar.

I deg skal det aldri meir finnast

handverkarar av noko slag.

I deg skal det aldri meir høyrast

lyd av kvernstein som durar.

23 Jes 23,8; 47,9; Jer 7,34; 16,9; 25,10 I deg skal det aldri meir skina

lys frå noka lampe.

I deg skal det aldri meir høyrast

røyster av brudgom og brur.

For kjøpmennene dine var stormenn på jorda,

og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.

24 Jer 51,49; Op 16,6; 17,6 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage,

ja, av alle dei som er slakta ned på jorda.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help