2. Kongebok 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Krigen mot Moab

1 Så drog kongane i Israel, Juda og Edom av stad. Men då dei hadde vore undervegs i sju dagar, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra dei hadde med seg.

10Då kom det frå Israels-kongen: «Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane!»

11Men Josjafat sa: «Finst det ikkje ein Herrens profet her så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene til Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, han som brukte å slå vatn over hendene til Elia.»

12Josjafat sa: «Ja, hos han er Herrens ord.» Så gjekk han ned til profeten saman med kongane i Israel og Edom.

13 Morgonen etter, på den tid grødeofferet blir bore fram, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.

21No fekk moabittane høyra at kongane var komne for å kjempa mot dei. Alle våpenføre menn, unge som gamle, vart kalla saman og tok stilling langs grensa.

22Då moabittane stod opp tidleg neste morgon, skein sola på vatnet, og det såg ut for dei som vatnet var raudt av blod.

23«Det er blod», ropa dei. «Kongane har kjempa med sverd og slege kvarandre i hel. Moabittar, no skal vi ta bytte!»

24Men då dei kom til Israels leir, gjorde israelittane motstand og slo moabittane så dei flykta for dei. Israelittane trengde seg inn i Moab-landet medan dei heldt fram med å slå dei ned.

25 No reiv dei ned byane, og alle gode jordstykke dyngja dei ned med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde tetta dei att, og kvart frukttre hogg dei ned. Til slutt stod berre murane att i Kir-Hareset, og slyngjekastarane omringa byen og gjekk til åtak på han.

26Då kongen i Moab såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre våpenføre menn og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje.

27Då tok kongen eldste son sin, som skulle bli konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og det kom så stor harme over israelittane at dei braut opp og vende attende til sitt eige land.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help