Jesaja 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.

Fredsfyrsten

2 For åket som tyngde,

stokken over skuldrene

og staven til slavedrivaren

har du brote sund som på Midjans dag.

5 For eit barn er oss fødd,

ein son er oss gjeven.

Herreveldet er lagt på hans skulder.

Han har fått namnet

Underfull rådgjevar, Veldig Gud,

Evig far, Fredsfyrste.

7 Eit ord har Herren sendt mot Jakob,

det har slege ned i Israel.

9Og dei har fått kjenna det, heile folket,

Efraim og dei som bur i Samaria,

dei som stolte og hovmodige sa:

10«Teglsteinar har falle,

vi byggjer opp att med tilhoggen stein.

Morbærtre er felte,

vi plantar sedrar i staden.»

11 Då gav Herren motstandaren deira, Resin, makt over dei

og hissa opp fiendane deira,

12aramearane frå aust

og filistrane frå vest.

Dei fortærte Israel med vidopen munn.

Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,

handa er framleis lyft.

13 Jer 5,3; Hos 7,10ff; Am 4,6ff Men folket vende ikkje om

til han som slo det,

dei søkte ikkje Herren over hærskarane.

14 2 Kong 17,3ff; Jes 10,33; 19,15 Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,

palmegrein og siv på éin dag.

15Den eldste og den fornemme er hovudet,

halen er profeten som lærer bort løgn.

16 3,12; Luk 6,39 Dei som leidde dette folket,

førte dei vill,

dei som skulle leiast, vart villeidde.

17Difor sparte ikkje Herren dei unge mennene deira,

mot farlause og enkjer viste han ikkje miskunn.

For alle var ugudelege og vonde,

kvar munn tala dårskap.

Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,

handa er framleis lyft.

18Ja, uretten brann som ein eld

og fortærte torn og tistel,

han sette tettaste skogen i brann,

røyken steig høgt til vêrs.

19Landet er sett i brann

fordi Herren over hærskarane er harm,

og folket har vorte til mat for elden.

Det er ingen som sparer bror sin.

20Dei beit til høgre, men var svoltne,

og åt til venstre, men vart ikkje mette.

Kvar mann et sin neste,

21Manasse et Efraim, og Efraim et Manasse.

Saman går dei mot Juda.

Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,

handa er framleis lyft.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help