1 Då David var komen heim til Jerusalem, tok han dei ti følgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei i forvaring. Han sytte for det dei trong, men han gjekk ikkje inn til dei. Dei sat innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.
4Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!»
5Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett.
6Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba, son til Bikri, til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg tenarane til herren din og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss.»
7Mennene til Joab, kretarane og pletarane og alle krigarane følgde han. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba, son til Bikri.
8Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit sverd i slire. Det var fest ved hofta. Då han gjekk fram, gleid sverdet ut.
9Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok tak i skjegget hans med høgre handa for å kyssa han.
10Sjeba fór gjennom alle Israel-stammane heilt til Abel-Bet-Maaka. Alle mennene i Bikri-slekta samla seg og følgde han inn i byen.
15Joab og mennene hans kom og kringsette han i Abel-Bet-Maaka. Dei kasta opp ein voll som nådde bort til den ytre bymuren. Heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla.
16Då var det ei klok kvinne som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Be Joab koma nærare, så eg får tala med han.»
17Han gjekk bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja», svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestekvinna di har å seia.» «Eg høyrer», svara han.
18Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.
19Eg er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by som er ei mor i Israel. Kvifor vil du øydeleggja Herrens eigedom?»
20Joab svara: «Nei, langt ifrå! Eg vil slett ikkje øyda eller herja.
21Det har seg ikkje slik! Men ein mann frå Efraim-fjella som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kvinna: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.»
22Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba, son til Bikri, og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.
Embetsmennene til David23 8,15ff Joab var hærførar i Israel, og Benaja, son til Jojada, var førar for kretarane og pletarane.
24Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.
25Sjeja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar.
26Ira av Ja'ir-slekta var òg prest hos David.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.