1 Så tok vi av stad, bort frå brørne våre, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, frå Eilat og Esjon-Geber, og tok ei anna retning, langs den vegen som fører til Moab-ørkenen.
9«Bryt no opp og gå over Sered-bekken!» Og vi gjekk over Sered-bekken.
14 Samstundes tok vi alle byane hans, slo kvar by med bann og utrydda alle, både menn, kvinner og born. Ikkje éin lét vi overleva.
35Berre buskapen tok vi med oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke.
36Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og frå byen nede i elvedalen heilt til Gilead, fanst det ikkje nokon by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.
37Men ammonittlandet kom du ikkje nær, verken landet langs Jabbok-elva eller byane oppe i fjellet, alt slik Herren vår Gud hadde gjeve oss påbod om.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.