1Dette sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus. Der skal du tala dette ordet. Du skal seia:
2For så seier Herren om kongehuset i Juda:
Du var eit Gilead for meg,
du var toppen av Libanon.
Men eg skal gjera deg til ørken,
til byar der ingen bur.
7Eg helgar dei som skal øydeleggja deg,
kvar med sitt våpen.
Dei skal fella dine finaste sedrar
og kasta dei på elden.
8 De skal ikkje gråta over den døde
og ikkje sørgja over han.
Gråt heller over han som drog bort,
for han skal ikkje koma att,
han får aldri meir sjå sitt fødeland.
11 For han skal døy på den staden
der han er i eksil,
og dette landet skal han aldri meir få sjå.
Om kong Jojakim13 Så sant eg lever, seier Herren: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.
25 21,7; 34,20 Eg gjev deg i hendene på dei som står deg etter livet, og som du er redd, kong Nebukadnesar av Babel og kaldearane.
262 Kong 24,12.15Eg kastar både deg og mor di som fødde deg, bort til eit anna land der de ikkje vart fødde, og der skal de døy.
27Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma tilbake til.
28 17,4 Er då denne Konja
eit vanvørdt kar som skal knusast,
ein reiskap som ingen bryr seg om?
Kvifor er han og hans ætt kasta ut,
slengde bort til landet dei ikkje kjenner?
29Land, land, land, høyr Herrens ord!
30Så seier Herren:
Skriv denne mannen opp som barnlaus,
ein mann med eit mislukka liv.
Ingen av hans ætt skal lukkast i
å sitja på Davids trone
og atter herska over Juda.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.