1 Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet etter vekt, og de skal eta, men ikkje bli mette.
27Dersom de likevel ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg,
28då vil eg for min del setja meg opp mot dykk i vreide og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.
29Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra.
35Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjartet deira audmjuka seg, og dei skal få bøta for synda si.
422 Mos 2,24; 2 Kong 13,23+; Luk 1,72Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob. Pakta med Isak og pakta med Abraham vil eg òg koma i hug. Eg vil koma landet i hug.
43Men landet skal bli forlate av dei og ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld fordi, ja, fordi dei vanvørde lovene mine og hadde avsky for forskriftene mine.
44Men likevel vil eg ikkje forakta dei og ha avsky for dei når dei er i fiendeland. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud.
45Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med forfedrane, som eg førte ut frå Egypt midt for auga på folkeslaga fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.
46Dette er dei forskriftene, boda og lovene som Herren fastsette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet gjennom Moses.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.