1 Det skal vera firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det.
3Både toppen, sidene og horna skal du kle med reint gull, og du skal laga ein gullkant rundt det.
4Nedanfor kanten på begge sider skal du setja to gullringar. Dei skal vera haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kan berast.
5Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.
6Du skal setja altaret framfor forhenget som gøymer kista med vitnemålet, framfor soningsstaden som ligg over det, der eg vil møta deg.
7Aron skal brenna velluktande røykjelse på det. Kvar morgon når han gjer i stand lampene, skal han brenna røykjelsen.
8Det same skal han gjera i skumringa når han tenner lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for Herrens andlet i slekt etter slekt.
9Kvar den som blir tald, skal gje ein halv sjekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera. Denne halve sjekelen skal vera ei offergåve til Herren.
14Alle som blir talde, og som er over tjue år, skal gje ei offergåve til Herren.
15Den rike skal ikkje gje meir og den fattige ikkje mindre enn ein halv sjekel når de gjev offergåva til Herren til soning for livet dykkar.
16Du skal ta imot soningspengane frå israelittane og bruka dei til tenesta i teltheilagdomen. Det skal vera ei påminning om israelittane framfor Herrens andlet til soning for livet dykkar.
Bronsefatet17 Herren sa til Moses:
18Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr
24og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.
25Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.
26Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,
27bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,
28brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.
29Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
30Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.
31Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje i slekt etter slekt.
32Han må ikkje hellast på kroppen til noko anna menneske, og de må ikkje laga nokon annan salve som er blanda slik. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.
33Den som lagar ei slik blanding og gjev henne til ein som ikkje er vigd, skal støytast ut frå folket sitt.
34 Herren sa til Moses: Ta deg velluktande røykjelsesstoff, balsamdropar, myrraolje, gummiharpiks og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.
35Av det skal du laga blanda røykjelse, slik ein salveblandar gjer det, salta og rein og heilag.
36Noko av det skal du knusa til pulver og leggja framfor vitnemålet i teltheilagdomen, der eg vil møta deg. Høgheilagt skal det vera for dykk.
37Røykjelse som er slik blanda, må de ikkje laga til dykk sjølve. De skal halda han heilag for Herren.
38Den som lagar slik røykjelse berre for å nyta lukta, skal støytast ut frå folket sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.