Salmane 84 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.

2 Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel

etter Herrens føregardar.

No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.

4Sporven har funne ein heim,

svala har fått seg eit reir

der ho kan leggja sine ungar,

ved dine altar, Herre Sebaot,

min konge og min Gud.

5

6 Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,

gjer dei han til ei kjelde.

Haustregnet legg òg si signing over han.

8Dei går frå kraft til kraft,

dei stig fram for Gud på Sion.

9 Herre, allhærs Gud, høyr mi bøn,

vend øyret til, du Jakobs Gud! Sela

10 Gud, vårt skjold, vend auga hit,

sjå på han du har salva!

11Ja, éin dag i dine føregardar

er betre enn tusen andre.

Å liggja ved dørstokken til min Guds hus

er betre enn å bu i lovlauses telt.

12 Jes 60,19f For Herren Gud er sol og skjold,

Herren gjev nåde og ære.

Han held ikkje tilbake det gode

for den som er heil i si ferd.

13 2,12+ Herre Sebaot,

sæl er den som set si lit til deg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help