1Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus to av læresveinane i veg
2og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Straks de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete nokon på. Løys han og kom hit med han.
3Og er det nokon som spør: ‘Kva er det de gjer?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han og sender han straks tilbake.’»
4Så gjekk dei og fann folen, som stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han.
5Nokre av dei som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?»
6Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå.
7Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå.
8Mange breidde kappene sine på vegen, andre strødde friske greiner som dei hadde hogge ute på markene.
9
10 Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,
16og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.
17
Men de har gjort det til ei røvarhòle.»
18Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista å finna ei råd til å ta livet av han. For dei var redde han fordi heile folket var overvelda av læra hans.
19Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane ut av byen.
Tru og bøn(Matt 21,18–22)20 °Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.•»
Jesu fullmakt(Matt 21,23–27; Luk 20,1–8)27Igjen kom dei inn i Jerusalem. Og medan Jesus gjekk omkring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han
28Joh 2,18; Apg 4,7og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»
29Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
30Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!»
31Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?
32Matt 11,9; 14,5; 21,26; Luk 1,76fSkal vi svara: ‘Frå menneske’?» Men dei var redde folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet.
33Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.