1 Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.
2Og endå er de hovmodige! De skulle heller sørgja, så den som har gjort dette, kunne bli utstøytt frå dykk.
3De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen?
7Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.
8Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.
9 I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha omgang med folk som lever i hor.
10
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.