1 Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og Timoteus, vår bror, helsar Guds forsamling i Korint og alle dei heilage i heile Akaia:
2Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi måtte lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera. Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet.
9For det er vi stolte av, og det kan samvitet vårt vitna om: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein ærlegdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.
13For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og forstå. Og eg håpar at de skal læra å forstå fullt ut
14I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk først, så de skulle få dobbel glede.
16Eg ville koma innom dykk både på reisa til Makedonia og på vegen attende derifrå. Då kunne de hjelpa meg vidare på reisa til Judea.
17Gjekk eg ansvarslaust fram då eg planla dette? Eller legg eg planar slik menneske kan gjera, så eg seier både ja og nei på same tid?
18For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja.
20For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Difor seier vi òg ved han vårt amen, Gud til ære.
21Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarta våre.
23 Rom 1,9 Eg kallar Gud til vitne; det er sanning i mi sjel: Det er for å spara dykk at eg ikkje hittil har kome til Korint.
241 Pet 5,3For vi vil ikkje vera herrar over trua dykkar, men medarbeidarar så de kan finna gleda. For i trua står de støtt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.