1. Mosebok 24 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Isak får Rebekka til kone

1Abraham var no gammal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han på alle vis.

2Då sa Abraham til den eldste tenaren i huset, han som styrte over alt han eigde: «Legg handa di i fanget mitt,

3men at du skal dra til mitt land og mi slekt og henta ei kone til Isak, son min.»

5Tenaren sa til han: «Kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg hit til dette landet. Skal eg då ta son din med tilbake til det landet som du drog ut frå?»

6Abraham svara: «Pass på at du aldri fører son min dit att!

7Så tok tenaren ti av kamelane til herren sin og drog av stad med alle slag kostelege saker. Han gav seg i veg til aramearlandet mellom elvane, til byen der Nahor budde.

11Då kamelane var ferdige med å drikka, tok mannen fram ein gullring til henne, han vog ein halv sjekel, og to armband av gull, dei vog ti sjekel.

23Så sa han: «Fortel meg no kven du er dotter til! Er det husrom hos far din, så vi kan overnatta der?»

24Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Milka og Nahor.

25Vi har rikeleg av både halm og fôr», sa ho, «husrom til overnatting har vi òg.»

26Då bøygde mannen seg til jorda og tilbad Herren.

27Han sa: «Velsigna er Herren, som er Gud for Abraham, herren min! Han har aldri slutta vera god og trufast mot herren min. På vegen har Herren ført meg til huset der slekta til herren min bur.»

28Jenta sprang heim og fortalde familien til mor si kva som hadde hendt.

29Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen ved kjelda.

30Då han såg ringen og armbanda på hendene til systera og høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, drog han ut til mannen, som framleis stod hos kamelane ved kjelda.

31Laban sa: «Kom, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har gjort huset i stand og gjort plass for kamelane.»

32Då kom mannen inn i huset og leste av kamelane. Han fekk halm og fôr til dyra, og vatn så han og dei som var med han, kunne vaska føtene.

33Men då dei sette fram mat til han, sa han: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har sagt det eg har å seia.» «Fortel!» svara dei.

34Då sa han: Eg er tenaren til Abraham.

35Herren har velsigna min herre rikt, så han har vorte ein stor mann. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, slavar og slavekvinner, kamelar og esel.

36Og Sara, kona til herren min, har fødd han ein son på sine gamle dagar. Han har gjeve sonen alt han eig.

37No har herren min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane i landet der eg bur.

38Men du skal dra til farshuset mitt og slekta mi og henta ei kone til son min.»

39Då sa eg til herren min: «Men kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg?»

40Isak, som heldt til i Negev, kom no frå Lahai-Ro'i-brønnen.

63I kveldinga tok han seg ein tur ut på marka. Han såg opp, og der fekk han sjå nokre kamelar som nærma seg.

64Då Rebekka såg opp og fekk auge på Isak, steig ho snøgt ned frå kamelen.

65Ho spurde tenaren: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Tenaren svara: «Det er herren min.» Då tok ho sløret og dekte seg til.

66Tenaren fortalde no Isak alt det han hadde gjort.

67Så førte Isak Rebekka inn i teltet som Sara, mor hans, hadde eigd. Han tok Rebekka til kone, og han elska henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mora.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help