1Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.
2For farisearane og alle andre jødar heller litt vatn over hendene før dei et. Slik held dei fast ved overleveringa frå dei gamle.
4Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn.
5Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor følgjer ikkje læresveinane dine overleveringa frå dei gamle, men et med vanheilage hender?»
6
men hjartet er langt borte frå meg.
7 Fåfengt dyrkar dei meg,
for det dei lærer, er menneskebod.
8De har forlate Guds bod, men held fast på overleveringa frå menneske.»
9Og han sa til dei: «Ja, de fer fint fram! De set Guds bod ut av kraft så dykkar eiga overlevering kan gjelda!
10Men de godkjenner likevel at nokon seier til far sin eller mor si: ‘Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ein korban’ – det er ei gåve til tempelet.
12Då lèt de han ikkje få gjera noko for far eller mor.
13Slik set de Guds ord til sides av omsyn til den overleveringa de har gjeve vidare. Og slikt gjer de mykje av.»
14Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og forstå!
15Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.
16°Den som har øyre å høyra med, høyr!•»
17Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om likninga.
18«Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at ingen ting av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint?
19Det kjem då ikkje inn i hjartet, men fer ned i magen og ut dit det skal.» Dermed slo han fast at all mat er rein.
20Og han la til: «Det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.
21Så tok han ut derifrå og fór til Tyros-området. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.
25Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.
26Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar.
27Men Jesus sa til henne: «Lat først borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»
28«Det er sant, Herre», svara ho, «men hundane under bordet et då smulane etter borna.»
29Då sa han til henne: «Fordi du sa dette, seier eg deg: Gå heim, den vonde ånda har fare ut av dotter di.»
30Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga. Den vonde ånda hadde fare ut.
Den døve som hadde vondt for å tala31 Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet.
32Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans.
34Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!»
35Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint.
361,44+Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent.
37Jes 35,5f; Matt 15,31Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.