1Og det Samuel sa, gjekk ut til heile Israel.
Filistrane tek Herrens paktkisteIsraelittane drog no ut for å kjempa mot filistrane. Dei slo leir ved Eben-Eser, medan filistrane slo leir ved Afek.
2Filistrane samla hæren sin mot israelittane, og kampen breidde seg. Israel vart slegne av filistrane, som slo ned om lag fire tusen mann på slagmarka.
3Ve oss! Kven skal berga oss frå desse mektige gudane? Dette er då dei gudane som slo egyptarane med alle slags plager i ørkenen.
9Ein mann av Benjamin-stammen sprang frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og jord på hovudet.
13Då han kom dit, sat Eli på stolen sin ved vegen og speida, for han var full av uro for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen og fortalde kva som hadde hendt, høyrdest eit jammerskrik over heile byen.
14Eli høyrde skrikinga og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det.
15Eli var då 98 år gammal. Auga hans var stivna, og han kunne ikkje sjå.
16Mannen sa til han: «Eg kjem frå slagmarka, eg rømde frå slaget i dag.» Då spurde Eli: «Korleis har det gått, son min?»
17Bodberaren svara: «Israel flykta for filistrane, og vi leid stort tap. Begge sønene dine, Hofni og Pinhas, har òg mista livet, og Guds paktkiste er teken.»
18Med det same han nemnde Guds paktkiste, fall Eli baklengs ned av stolen attmed porten, braut nakken og døydde, for han var ein gammal og tung mann. Han hadde då vore dommar i Israel i førti år.
19Svigerdotter hans, kona til Pinhas, venta barn og skulle snart føda. Då ho høyrde at Guds paktkiste var teken, og at svigerfar og mannen hennar var døde, kom riene over henne, og ho seig i kne og fødde.
20Ho kalla guten Ikabod og sa: «Herlegdomen er borte frå Israel!» For Guds paktkiste var teken, og svigerfar og mannen hennar var døde.
22«Herlegdomen er borte frå Israel!» sa ho, «for Guds paktkiste er teken.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.