1 Ein sjiggajon av David. Han song han for Herren på grunn av benjaminitten Kusj.
2 Herre, min Gud, eg søkjer tilflukt hos deg.
Frels meg og berg meg frå alle som jagar meg.
3
7 3,8+; 35,23; 44,24; 59,5; 94,2 Reis deg, Herre, i din vreide,
stå opp mot fiendane som rasar mot meg!
Vakna, min Gud, du som stemner til doms.
8Lat folka samla seg kring deg,
ta ditt sete over dei i det høge!
9 1 Mos 18,25; Apg 17,31; Rom 3,6 Herren dømmer folka.
Gjev meg min rett, Herre,
for eg er rettferdig og heil i mi ferd.
10 1 Sam 16,7; 1 Kong 8,39; Sal 11,4; 17,3; 26,2; 66,10; 139,23; Ordt 17,3; Jer 17,10 Gjer ende på vondskapen til dei som gjer urett,
men lat den rettferdige bli ståande,
du som prøver hjarte og nyrer,
du rettferdige Gud.
11 3,4+ Gud er mitt skjold,
han frelser dei ærlege av hjartet.
12 9,5; 58,12 Gud er ein rettferdig dommar,
ein Gud som alltid kan bli harm.
13 5 Mos 32,41; Sal 64,8; Klag 2,4; 3,12 Dersom nokon ikkje vender om,
vil han kvessa sverdet,
spenna bogen og sikta,
14gjera sine drepande våpen klare
og setja fyr på sine piler.
15 Job 15,35+ Sjå, den som er svanger med urett,
har avla ugjerning og føder løgn.
16 9,16; 35,8; 57,7; Ordt 26,27; Fork 10,8 Eit hòl grev han, og han gjer det djupt,
men fell sjølv ned i den grava han grov.
17 140,10; Ordt 5,22 Hans ugjerning råkar hans eige hovud,
sin eigen råskap får han i skallen.
18Eg vil prisa Herren for hans rettferd,
lovsyngja namnet til Herren, Den høgste.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.