1 Det var i det trettiande året, på den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, at himmelen opna seg. Eg såg syn av Gud.
2 På den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført –
3Frå midt inni elden kom det noko som likna fire levande skapningar, og slik såg dei ut: Dei likna menneske.
6Men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger.
7Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei skein som blankpussa bronse.
8Dei hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle fire heldt andleta og vengene slik:
9Vengene deira nådde i kvarandre. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Kvar av dei gjekk beint fram.
10Framme likna andleta menneskeandlet. Til høgre hadde alle fire løveandlet, til venstre okseandlet og ørneandlet bak.
11Slik såg andleta ut. Vengene var utspente ovanfrå, slik at to nådde borti kvarandre. Dei to andre vengene dekte kroppen.
12Kvar av dei gjekk beint fram. Dit ånda førte dei, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
13Dei som likna levande skapningar, såg ut som brennande kol, som faklar såg dei ut. Elden fór att og fram mellom dei. Det blinka og lynte av han.
14Skapningane fór att og fram, det såg ut som lynet.
15Eg såg på dei fire skapningane, og sjå! – det stod eit hjul på bakken attmed kvar av dei.
16Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Han var spent ut høgt over hovuda på dei og såg ut som is – skremmande.
23Under kvelven strekte vengene seg ut mot kvarandre. Kvar skapning hadde to venger til, to venger som dekte kroppen.
24Og eg høyrde lyden av vengene når dei rørte på seg. Det var som lyden av veldige vassmengder, som røysta til Den veldige. Bråket var som lyden av ein hær. Når dei stansa, senka dei vengene.
25Det buldra frå kvelven over hovudet deira når dei stansa og senka vengene.
26 2 Mos 24,10; Op 4,2ff Over kvelven som var over hovudet på dei, var det noko som såg ut som safirstein og likna ein tronstol. Oppe på trona sat det ein som var lik eit menneske å sjå til.
27Frå det som såg ut til å vera hoftene og oppover, såg eg noko som likna skinande metall med noko som såg ut som eld omkring. Og frå hoftene og nedover såg eg noko som såg ut som eld med ein lysglans omkring.
288,4; 43,3; Dan 8,17fLysglansen såg ut som bogen i skya ein regnvêrsdag. Det var dette Herrens herlegdom likna, slik såg han ut. Då eg fekk sjå det, kasta eg meg ned med andletet mot jorda, og eg høyrde røysta til ein som tala.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.