Sakarja 6 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Åttande syn: dei fire vognene

1Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – fire vogner drog ut mellom to fjell, fjella var av bronse.

2Ta imot gåver frå dei som er i eksil, frå Heldai, Tobia og Jedaja. Den dagen skal du gå inn i huset til Josjia, son til Sefanja, til dei som er komne frå Babel.

11Du skal ta imot sølv og gull, laga ei krone og setja henne på hovudet til øvstepresten Josva, son til Jehosadak.

12Du skal seia til han:

Så seier Herren over hærskarane:

Sjå, ein mann,

Spire er namnet hans.

Under han skal det spira.

Han skal byggja Herrens tempel,

13 Sal 110; Jes 9,6 ja, han skal byggja Herrens tempel,

han skal vinna herlegdom

og sitja og herska på si trone.

Ein prest òg skal ha si trone.

Mellom dei to skal det rå fred.

14Krona skal vera til minne om Helem, Tobia, Jedaja og Hen, son til Sefanja, i Herrens tempel.

15 Jes 2,2f; Hag 2,7 Folk frå fjerne land skal koma

og byggja på Herrens tempel.

Då skal de kjenna

at Herren over hærskarane har sendt meg til dykk.

Dette skal skje om de lyder

røysta til Herren dykkar Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help