1 «Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod der.
3Sidan Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og son til farisearar. Og eg blir klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»
7Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken delte seg.
8Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta to hundre soldatar, saman med sytti ryttarar og to hundre lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt!
24Og sørg for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks.»
25Så skreiv han dette brevet:
26«Claudius Lysias helsar den vørde landshovdingen Feliks.
27Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit overfall på mannen, sender eg han direkte til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.»
31 Soldatane gjorde som dei hadde fått påbod om: Dei tok Paulus og førte han til Antipatris om natta.
32Dagen etter vende dei attende til borga og lét ryttarane fara vidare med han.
33Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han.
3422,3Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia,
35sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.