1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.
2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.
3Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.
8Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
9 Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.»
27Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei.
289,1Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.»
299,3Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta.
30Og til alle dyr på jorda og til alle fuglar under himmelen og til alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter å eta.» Og slik vart det.
31Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.