1 Israelittane gjorde det som var vondt i Herrens auge; dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Baal-gudane og Asjera-gudinnene.
8Ehud laga seg eit tvieggja sverd som var ein gomed langt, og spente det på seg under kleda ved den høgre hofta.
17Så førte han gåva fram for Eglon, kongen i Moab. Eglon var ein svært tjukk mann.
18Då Ehud hadde bore gåva fram, sende han bort dei som hadde bore gåva.
19Sjølv snudde han ved Pesilim, som er ved Gilgal, drog tilbake og sa: «Eg har ein hemmeleg bodskap til deg, konge.» Då sa kongen: «Stille!» Så gjekk dei ut, alle som stod til teneste for han.
20Då Ehud kom inn til kongen, sat han åleine i det svale takkammeret sitt. Ehud sa til han: «Eg har ein bodskap frå Gud til deg.» Kongen reiste seg frå stolen.
21Ehud rekte ut venstrehanda, greip sverdet frå høgre hofta og støytte det inn i magen på han
22så skjeftet følgde med sverdbladet inn. Feittet lukka seg rundt bladet, for han drog ikkje sverdet ut or magen på han, og mageinnhaldet valt ut.
23Ehud gjekk ut i forhallen, lét dørene til takkammeret att etter seg og låste.
24 1 Sam 24,4 Då han hadde gått, kom tenarane til kongen. Dei fekk sjå at dørene til takkammeret var låste, og tenkte: «Han har vel eit nødvendig ærend i det svale kammerset.»
25Dei venta lenge. Men då han ikkje opna dørene, tok dei nøkkelen og låste opp. Og der låg herren deira døyande på golvet.
26Men Ehud slapp unna medan dei andre var tvilrådige; han var alt komen forbi Pesilim og flykta vidare mot Se'ir.
27Då han kom fram, bles han i bukkehornet i Efraim-fjella. Israelittane drog ned med han frå fjellet, og han gjekk føre dei.
287,24; 12,5«Følg etter meg», sa han til dei, «for Herren har gjeve fiendane dykkar, moabittane, i dykkar hender!» Dei drog ned etter han og tok vadestadene over Jordan til Moab. Dei lét ikkje ein einaste sleppa over.
29Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle kraftige og modige menn; ikkje ein kom seg unna.
303,11+; 8,28; 11,33Moab måtte bøya seg under Israels hand den dagen, og så hadde landet fred i åtti år.
31Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistrane med ein piggstav til å driva oksar med. Også han berga Israel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.