1 Herren sa til Moses:
2De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.
28 5 Mos 14,1 De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.
29Du skal ikkje vanhelga dotter di ved å la henne prostituera seg, slik at landet driv hor og blir fullt av skamløyse.
30De skal halda sabbatane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.
31 20,6.27; 5 Mos 18,10f; 1 Sam 28,7ff; Jes 8,19 De skal ikkje venda dykk til gjenferd og ikkje søkja til spådomsånder så de blir ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.
32 1 Tim 5,1f Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.
33 2 Mos 22,21+ Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han.
34Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
35De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømmer, når de bruker lengdemål, vekt eller holmål.
365 Mos 25,13–16; Ordt 11,1; Mi 6,10fRett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt.
37 18,30 De skal halda alle forskriftene og lovene mine og leva etter dei! Eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.