1 Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!
2Men om du nektar dei å dra og framleis held dei att,
3skal Herrens hand koma over buskapen din på marka med ein forferdeleg pest, både over hestane, esla, kamelane, storfeet og småfeet.
4Herren skal skilja mellom buskapen til israelittane og buskapen til egyptarane; ikkje noko av det som høyrer israelittane til, skal døy.»
5Og Herren fastsette ei tid og sa: «I morgon skal Herren setja dette i verk i landet.»
6Dagen etter sette Herren dette i verk, og heile buskapen til egyptarane døydde. Men av buskapen til israelittane døydde det ikkje eit einaste dyr.
7Men kveiten og spelten vart ikkje slegne ned, for dei blir mogne seinare.
33Moses gjekk bort frå farao og ut av byen, og han strekte hendene ut mot Herren. Torevêret og haglet heldt opp, og regnet strøymde ikkje ned på jorda meir.
34Då farao såg at regnet og haglet og torevêret hadde halde opp, heldt han fram med å synda. Han og tenarane hans gjorde seg harde i hjartet.
35Farao var ubøyeleg i sitt hjarte, og han lét ikkje israelittane dra, slik som Herren hadde sagt gjennom Moses.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.