Salmane 149 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Halleluja!

Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han der dei trugne er samla.

2Israel skal gleda seg over sin skapar,

Sions søner jubla for sin konge!

3 33,2+ Dei skal prisa hans namn med dans

og spela for han med pauke og lyre.

4 147,6.11 For Herren har hugnad i sitt folk,

han kronar dei hjelpelause med siger.

5 30,5+ Dei trugne skal jubla med ære

og ropa av fagnad på sitt leie.

6Dei har lovsong til Gud i sin munn

og tvieggja sverd i handa.

7Dei vil ta hemn over folka

og refsa folkeslag,

8binda kongane deira med lenkjer

og stormennene med jernband.

9Dei skal halda dom over dei, så som det står skrive,

til ære for alle hans trugne.

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help