1Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.
2Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus.
1424,27Då dei vart verande i fleire dagar, fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her», sa han, «som Feliks har late etter seg i fengselet.
15Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hos jødane fram med skuldingar mot han og bad om å få han dømd.
16Eg svara at romarane ikkje har for vane å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot skuldinga.
17Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge. Alt dagen etter sette eg meg i dommarsetet og baud at mannen skulle førast fram.
18Klagarane samla seg omkring han, men dei kom ikkje med skuldingar om brotsverk, som eg hadde venta.
1918,14f+Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever.
20Eg visste ikkje korleis eg skulle greia ut denne saka, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der.
21Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til den høge keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle bli sitjande til eg får sendt han til keisaren.»
22Luk 23,8«Den mannen har eg òg hug til å høyra», sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han», svara Festus.
23Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i audienssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn.
24Så tok Festus ordet og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! Her ser de den mannen som har fått heile jødefolket til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger.
2523,29; 26,31Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som fortener dødsstraff. Men då han anka til den høge keisaren, sette eg meg føre å senda han dit.
26No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, først og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva.
27For eg finn det meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for skuldinga mot han.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.