Salmane 98 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 96,1ff+; Jes 59,16 Ein salme.

Syng ein ny song for Herren,

for han har gjort under!

Hans høgre hand og heilage arm

har gjeve han siger.

2 67,3; Luk 2,30ff Herren har gjort si frelse kjend,

openberra si rettferd for auga på folka.

3 Jes 52,10 Han kjem i hug si miskunn,

sin truskap mot Israels hus.

Heile jorda har sett

frelsa frå vår Gud.

4 96,1; 100,1 Rop av glede for Herren, all jorda!

Bryt ut i jubel, syng og spel!

5 33,2+ Syng for Herren og spel på lyre,

spel på lyre, lat songen tona,

6spel på trompetar, lat hornet klinga,

rop av glede for kongens andlet,

for Herren!

7 96,11+ Havet og alt som fyller det, skal brusa,

jorda og dei som bur der.

8Elvane skal klappa i hender

og fjella jubla i kor

9 9,9+ for Herrens andlet.

For han kjem og skaper rett på jorda.

Han skal dømma verda med rettferd

og folka med rett.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help