1No tok menneska til å bli mange på jorda, og dei hadde fått døtrer.
2Herren sa: «Min ande skal ikkje for alltid bli verande i menneska, for dei er av kjøt og blod. Levetida deira skal vera 120 år.»
4Det var kjemper på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.
5 Lag deg ei ark av gofertre. Du skal laga fleire små rom i arka og tjørebre henne innvendig og utvendig.
15Slik skal du byggja arka: Ho skal vera 300 alner lang, 50 alner brei og 30 alner høg.
16Du skal laga ei opning for dagslyset og avslutta opninga ei alen frå toppen av arka. Du skal setja døra til arka på den eine sida og så laga eit nedre, eit andre og eit tredje dekk.
17No vil eg la storflaumen koma over jorda og utrydda alt kjøt og blod, alt som det er livsande i under himmelen. Alt som er på jorda, skal omkoma.
18Men med deg vil eg oppretta ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og svigerdøtrene med deg.
197,2fAv alt levande, alt kjøt og blod, skal du føra to av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal dei vera.
20Av alle slag fuglar og alt slag fe og alle slag kryp på marka skal to av kvart slag koma inn til deg, så dei kan berga livet.
21Du skal ta noko av alt som er etande, og samla det hos deg. Det skal du og dei andre ha å eta.»
22Og Noah gjorde dette. Han gjorde alt det som Gud hadde pålagt han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.