1 Han følgde i fotefara til Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden. Dette var ein avskyeleg skikk som han fekk frå dei folkeslaga som Herren hadde drive vekk framfor israelittane.
4Og assyrarkongen høyrde på han. Han drog opp mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.
Omskifte i tempelet10Kong Ahas drog til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret og ei teikning som i eitt og alt viste korleis det var laga.
11Og før kong Ahas kom att frå Damaskus, hadde presten Uria bygd altaret. Han hadde i eitt og alt følgt den skissa som kong Ahas hadde sendt frå Damaskus.
12Då kongen kom heim att frå Damaskus og fekk sjå altaret, gjekk han fram for det og ofra på det.
13Han brende sitt brennoffer og sitt grødeoffer og auste ut drikkofferet, og blodet av fredsoffera sine stenka han på altaret.
14Men bronsealtaret som stod for Herrens andlet, flytte han bort frå den staden det hadde hatt framfor tempelet, mellom det nye altaret og Herrens hus. Og han sette det på nordsida av det nye altaret.
15Kong Ahas gav presten Uria dette påbodet: «På det store altaret skal du brenna brennofferet om morgonen og grødeofferet om kvelden, både brennofferet for kongen og grødeofferet hans og brennofferet for heile folket og grødeofferet og drikkofferet deira. Du skal stenka alt blodet av brennofferet og slaktofferet på det store altaret. Men bronsealtaret skal eg bruka når eg tek varsel.»
16Og presten Uria gjorde i eitt og alt som kongen hadde pålagt han.
17 Av omsyn til assyrarkongen flytte han den overbygde sabbatsgangen og den ytre kongeinngangen som var i Herrens hus.
19Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
2018,1ffSå gjekk Ahas til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Hiskia, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.