1 I dei dagane og på den tida lèt eg det spira fram ei rettferdig spire for David. Han skal gjera det som er rett og rettferdig i landet.
1623,6; Sak 14,11I dei dagane skal Juda bli frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette skal ho heita: «Herren, vår rettferd».
172 Sam 7,16; 1 Kong 9,5For så seier Herren: David skal aldri mangla ein mann til å sitja på trona i Israels hus.
18Og levittprestane skal heller ikkje mangla menn som alltid kan vera for mitt andlet og bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og gjera i stand slaktoffer.
19 Herrens ord kom til Jeremia:
2031,36Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, slik at dag og natt ikkje kjem til rett tid,
21då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan vera konge på trona hans, og pakta med levittprestane som gjer teneste for meg.
221 Mos 15,5; 22,17Etterkomarane av min tenar David og av levittane som gjer teneste for meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan målast.
23 Herrens ord kom til Jeremia:
24Har du ikkje sett kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Dei vanærar folket mitt fordi dei ikkje lenger ser på det som eit folk.
25Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve skipnader for himmel og jord,
2629,14; 32,44; Esek 39,25vil eg støyta frå meg etterkomarane til Jakob og tenaren min David og ikkje ta nokon av dei til herskarar over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.