1 Like eins vann David over Hadadeser, kongen av Soba, ved Hamat, då han drog ut for å vinna herredøme ved Eufrat.
4David tok frå han 1000 vogner, 7000 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men hundre hestar sparte han.
5Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.
6David sette vaktpostar over aramearane i Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, 18 000 mann.
13Han sette vaktpostar i Edom, og alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
14David rådde no over heile Israel. Han fremja rett og rettferd for heile folket sitt.
15Benaja, son til Jojada, hadde ansvar for kretarane og pletarane, og sønene til David var dei fremste hos kongen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.