Jesaja 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Send eit lam til herskaren i landet,

frå Sela i øydemarka

til fjellet åt dotter Sion!

2Som flaksande fuglar

jaga frå reiret

skal Moabs døtrer vera

ved Arnons vadestader.

3«Gjev oss råd og finn ein utveg!

Lat skuggen din bli som natta midt på dagen.

Løyn dei bortdrivne,

svik ikkje dei som har flykta!

4Lat dei som er drivne bort frå Moab,

få halda til hos deg!

Ver eit ly for dei

mot den som herjar!»

Når undertykkinga er over

og herjinga slutt,

når den som trakkar ned,

er borte frå landet,

5då skal det av miskunn reisast ei trone,

og på den skal det i truskap sitja

ein dommar i Davids telt,

ein som søkjer rett

og fremjar rettferd.

6Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,

kor hovmodig, stolt og frekk han er,

kor tomt han skryter.

7Difor sørgjer Moab over Moab,

alle sørgjer dei,

ja, motlause skal de sukka

over rosinkakene i Kir-Hareset.

8 For vinmarkene i Hesjbon er tørka inn,

og vinstokkane i Sibma.

Herrar over folkeslag vart slegne til jorda

av dei raude druene

som nådde heilt til Jaser

og voks vilt i øydemarka,

rankene spreidde seg

og nådde heilt til sjøen.

9 Difor dirrar mitt indre

som ei lyre for Moab,

mitt hjarte for Kir-Heres.

12 4 Mos 21,29; 1 Kong 11,7 Men når Moab viser seg

og slit seg ut på offerhaugen,

når han går til sin heilagdom for å be,

nyttar det ikkje.

13 4 Mos 24,17; Am 2,1ff Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab.

1421,16Men no seier Herren: Om tre år, slik som leigefolk reknar åra, skal Moabs ære bli til vanære, så folkerikt det er, og dei få som er att, skal bli maktlause.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help