1 Så drog Jakob vidare og kom til landet der folka i aust bur.
2Lea hadde matte auge, medan Rakel var velskapt og vakker.
18Jakob hadde vorte glad i Rakel. Han sa: «Eg skal arbeida hos deg i sju år for Rakel, den yngste dotter di.»
19Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein annan mann. Ver hos meg!»
20Lea vart med barn og fødde ein son. Ho kalla han Ruben. «For Herren har sett mi naud», sa ho, «no kjem mannen min til å elska meg.»
33Ho vart med barn ein gong til og fødde ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg ikkje vart elska; no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simon.
34Sidan vart ho med barn att og fødde ein son. Då sa ho: «No må då mannen min bli knytt til meg, sidan eg har fødd han tre søner.» Så kalla ho han Levi.
35Endå ein gong vart ho med barn og fødde ein son. Då sa ho: «Denne gongen vil eg takka Herren.» Difor kalla ho han Juda. No fekk ho ikkje fleire born.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.