Salmane 82 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Ein salme av Asaf.

Gud står fram i gudars forsamling,

midt mellom gudar held han dom:

2 Kor lenge vil de dømma med urett

og halda med dei skuldige? Sela

3 2 Mos 23,6; Jes 1,17.23 Hjelp svake og farlause til deira rett,

frikjenn hjelpelause og fattigfolk,

4berg fattige og svake,

fri dei frå handa til dei lovlause!

5Dei veit ingenting, skjønar ingenting,

dei ferdast i mørker,

alle grunnvollar under jorda vaklar.

6 Joh 10,34 Eg har sagt: «De er gudar,

søner av Den høgste er de alle.

7Men de skal døy slik eit menneske døyr,

og falla slik ein av fyrstane fell.»

8 7,7+ Reis deg, Gud, hald dom over jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help