2. Krønikebok 32 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kong Sanheribs åtak på Juda

1 Kongen styrkte makta si. Han bygde opp att heile den delen av muren som var nedriven, og reiste tårn på han. Han førte opp ein ny mur utanfor den gamle, og han gjorde Millo i Davidsbyen sterkare. Han fekk laga ei mengd med våpen og skjold.

6Så sette han hærførarar over folket, samla dei hos seg på plassen framfor byporten og tala oppmuntrande til dei:

7Det var Hiskia som tetta att det øvre utløpet av Gihon-kjelda og leidde vatnet nedover mot vest til Davidsbyen. I alt han tok seg føre, hadde Hiskia lukka med seg.

315 Mos 8,2Slik var det òg den gongen det kom sendemenn frå stormennene i Babel. Dei var sende til han for å spørja om det underet som hadde hendt i landet den gongen Gud forlét han for å setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjartet hans.

32Det som elles er å seia om Hiskia og truskapen hans, det står skrive i syna til profeten Jesaja, son til Amos, og i boka om Juda- og Israels-kongane.

33Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i skråninga mellom gravene til Davids etterkomarar. Alle som budde i Juda og Jerusalem, viste han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help