Salmane 43 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Gud, hjelp meg til min rett.

Før mi sak mot trulause folk!

Fri meg frå menneske

som fer med svik og vondskap!

2 42,10 For du er mitt vern, Gud.

Kvifor har du støytt meg bort?

Kvifor må eg gå og sørgja

medan fienden plagar meg?

3Send ditt lys og di sanning,

lat dei leia meg

og føra meg til ditt heilage fjell,

til dine bustader.

4Så kan eg gå til Guds altar,

til Gud, mi glede og min jubel,

og syngja din pris til lyra, Gud, min Gud.

5 42,6.12 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,

kvifor er du uroleg?

Eg vil venta på Gud!

Endå ein gong skal eg prisa han,

min frelsar og min Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help